torsdag 7. april 2011

06.04.2011 Trujillo

I Trujillo kapra me ein innfødd type som kjørte oss heile dagen for 100 galninger.
Fyst var me å såg i Huaca de la Luna , dette var gamle pyramider til Moche folket.
Det var et tempel i fem nivåer, for når ein konge var dø, bygde dei bare et nytt tempel oppå det andra.
Og det blei bygd av brikker i leira, som ikkje var brendt. Når det kom kraftig med regn minka dei litt kver gong, så dei var ca. 45 meter høgere når dei var nye.
Huaca Arco Iris, var et soltempel som sto midt i byen, der var det mange utsjeringer på veggene.
Me fekk og me oss Palacio de Nik-An-Chan Chan. Dette hadde vore verdens største by, i si tid. Men nå var det bare ruinar altså, men i et enormt omfang.
Etter dette var me i Museo de Sitio Chan Chan, der fekk mer innblikk i byen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar